Historieforteljaren

Av INGA RAGNHILD HOLST | Foto: KETIL BORN

(NB21) Forfattaren Aina Basso skriv om dei som aldri vann noko hisotriske slag. Romanfigurane finn ho i arkiva i Nasjonalbiblioteket.

Artiklar i gammalmodig fraktur fyk over skjermen. Forfattar og historikar Aina Basso snurrar mikrofilmlesaren på Nasjonalbiblioteket. Så bremar ho maskinen.

– Der fann eg artikkelen!

«Barnemorderske», står det i avisa frå tidleg 1900-tal. Morgenbladet fortel i oppstemde formuleringar om ei kvinne som har teke livet av små barn mot pengar. Ho skal visstnok sjølv ha blitt svikta av festarmannen sin etter å ha fått fleire barn med han.

–  Ja, dei var tabloide da også, konstaterer Basso.

Den gamle rettsaka skal truleg inngå i ei framtidig bok. Historikaren har funne ein arbeidsplass mellom bokhyllene på Nasjonalbiblioteket på Solli plass i Oslo.

– Eg er her når eg skal skriv ein artikkel eller ei bok, seier Basso til NB21.

Flere saker skrevet for Nasjonalbiblioteket og NB21 »»

SETT PRIS PÅ

Når ho skriv bok, seier ho. Det er de ho helst vil.

– Eg drøymer om at det å skrive skal vere jobben min og livet mitt.

Er det ikkje det ho gjer? Basso er berre 34 år og jobbar med sin fjerde historiske roman. Og de hudlause og poetiske bøkene har fått både god omtale og blitt nominert til gjeve prisar. For boka «Inni elden», som kom ut i 2012, blei ho nominert til Brageprisen i open klasse, ungdomsbøker. Men størst av alt er sjølvsagt nominasjonen til Nordisk råds litteraturpris i klassen for beste barne- og ungdomsbok. Det er så ein ikkje kan tru det sjølv.

– Eg fekk ein telefon frå ein forfattar eg kjenner til, Endre Lund Eriksen (som har skrive mellom anna bøkene om Pittbull-Terje, journ.anm.). Han tok til å snakke om prisen.

Denne artikkelen er skrevet på oppdrag for Nasjonalbibliotekets magasin, NB21 høsten 2013. Du kan laste ned hele magasinet gratis her www.nb.no/Om-NB/Publikasjoner/Nasjonalbibliotekets-magasin-NB21

Flere saker skrevet for Nasjonalbiblioteket og NB21 »»

(Visited 35 times, 1 visits today)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *